|
MOM-C
er undersøking av botntilhøva frå anlegget (nærsona) og utover i resipienten (fjærnsona). MOM-C går i hovudtrekk ut på undersøking av dyrelivet i botnsedimentet (etter NS 9423) der miljøtilstand blir klassifisert ut frå vurdering av artsmangfald og artssamansetning i prøvene. I tillegg blir det gjort diverse kjemiske og hydrologiske undersøkingar på lokaliteten som tilleggsparameter for vurdering av miljøtilstand. Undersøkinga gjev meir inngåande kunnskap om den generelle miljøtilstanden i fjern- og overgangssona inn mot nærsona til eit oppdrettsanlegg. Resultatet frå undresøkinga vert presentert i ein rapport som inneheld alle originaldata og ei samanfattande vurdering (gjennomføring av undersøkinga vert gjort i høve til retningslinjene i NS 9410, NS 9420, NS 9422 og NS 9423).
Lokalitetsklassifisering:
I samband med den nye forskrifta om krav til teknisk standard ved oppdrettsanlegg (som gjeld frå 1. januar 2004), er det også stilt krav om klassifisering av eksisterande og nye lokalitetar i høve til NS 9415. Sub Aqua Tech
AS tar på seg å utføre slike lokalitetsundersøkingar som i korte trekk går ut på innsamling av data om miljølaster på lokaliteten (straum, vind og bølgjer) for ein 50 års returperiode, og med basis i dette klassifisere og kategorisere lokaliteten i høve til NS 9415. Desse opplysningane vert så brukt ved berekning av krav til fortøyingar, flåte, flytekragar, notposer etc.
Sub Aqua Tech AS har elles utstyr (straummålarar av type SD-6000) til å foreta straummålingar på oppdrettslokalitetar i høve til standard prosedyrar utarbeidd av Fiskeridirektoratet. |