Navigation

Linkar

Fotogalleri

Daglig leiar og innehavar er Eivind Aarseth som har bakgrunn frå oppdrettsnæringa og har tidlegare arbeidd som Fiskerirettleiar i Askvoll og Hyllestad (1992 - 2000).  Sub Aqua Tech vart etablert som enkeltmannsforetak 1. april 2000 og 9. juni 2007 omdanna til aksjeselskap.

Verksemda sine tenester er i første rekkje retta mot oppdrettsnæringa, men vi kan ta oppdrag ( til dømes innan inspeksjon under vatn) for kven som helst.

energiSub Aqua Tech AS er pre-kvalifisert i Sellihca, ei kvalifikasjonsordning for energiselskap i Norden.

Verksemda disponerer ein fjernstyrte undervassbåt (ROV) med fargevideokamera som gjev videofilm med høg kvalitet. Denne kan nyttast til inspeksjon av merdar, fortøyingar, tilhøva på botn, båtskrog under vatn (sinkanodar, propellar osv.) og ein rekkje andre oppgåver.

Alle opplysningane filma med ROV vert spelast inn på digitalt videoband, direkte på DVD eller harddisk (som dokumentasjon) i lag med informasjon om dato, klokkeslett, djupne, kompasskurs m.m.

Alt utstyr som vert nytta ved oppdrettsanlegg vert etter bruk desinfisert med Virkon S eller andre liknande godkjente desinfeksjonsmiddel i høve til tilrådde prosedyrar.

Title #14Title #13Title #2
 
Klikk for større bilete
Bilete over syner ein radiostyrt farkost (USV) for kartlegging av djupne (batymetri) m.m. konstruert og bygd av Sub Aqua Tech AS. Dette er ei prototype, men kan likevel nyttast til kommersielle oppdrag. Til dømes i samband med kartlegging i hamner, særskilt sårbare områder, dammer m.m. Sjå elles meir informasjon om dette på sidene om botnkart.